Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Varedeklarasjon 2007

05.02.2009 | 11:40

Alle kraftleverandørar skal informere sluttbrukarane sine om opphavet til leveransane av elektrisk energi i føregåande år. Dette kan kallast ein varedeklarasjon.

Enkelte kraftleverandørar tilbyr sine eigne varedeklarasjonar der dei til dømes garanterer sine kundar at dei betalar berre for straum frå fornybare energikjelder gjennom opphavsgarantiar.

Ein opphavsgarantert kraftavtale sikrar at det er blitt produsert like mykje fornybar kraft som den kraftmengda kunden brukar, sjølv om det ikkje er denne krafta kunden får levert fysisk. Dei kraftleverandørane som ikkje tilbyr eigne varedeklarasjonar sel ein berekna forbruksmiks til sine  kundar.

Nedanfor viser vi varedeklarasjonen for elektrisitet i 2007. Det er korrigert for netto eksporterte opphavsgarantiar og opphavsgarantiar som er nytta ved sal av opphavsgarantert kraft til norske kundar.


Norsk forbruksmiks i 2007  for kundar som ikkje kjøpar opphavsgarantert kraft, sjå forklaringar i teksten nedanfor.

Forbrukarar som ikkje kjøpar opphavsgarantert kraft vil ha ein slik forbruksmiks. For ein kunde som delvis nyttar opphavsgarantert kraft vil det resterande forbruket ha denne samansetninga. 

Det vart innløyst opphavsgarantiar på til saman 27 TWh i Noreg i 2007 som er nytta ved sal av opphavsgarantert kraft til norske kundar. Desse er trekt i frå mengda vasskraft og vindkraft som inngår i forbruksmiksen.

Kjelda ”ukjend” inkluderar ei kraftmengde svarande til netto eksporterte opphavsgarantiar, sjå lenke til høgre.

Følg linkane til venstre for nærmare forklaring på korleis det norske forbruket og produksjonen i 2007 var samansett.

Kontaktinformasjon


Relatert informasjon

Se også opprinnelsesgarantier