Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Nettleie produksjon

03.12.2010 | 12:05

Innmatingstariff kallast det kraftprodusentane betalar for å mate inn kraft i eit punkt i nettet. Alle nettselskap skal nytte punkttariffar som betaling for å overføre elektrisk kraft. Punkttariffar inneber at ein produsent berre betalar overføringstariff til sitt lokale nettselskap uavhengig av kven han sel kraft til. Overføringstariff eller nettleige vert også brukt i staden for omgrepet punkttariff.

Innmatingstariffen er sett saman av fleire ledd: Energileddet som varierer med kunden si innmating og andre tariffledd som er eit fast beløp.  

Fastledd
Fastleddet er uavhengig av kunden si innmating av kraft og skal syte for at nettselskapa får tilstrekkeleg inntekt i høve til inntektsramma som NVE set årleg for kvart nettselskap. Sentralnettet sitt fastledd er retningsgjevande for fastleddet ved innmating av kraft i regional- og distribusjonsnettet. For 2010 er innmatingstariffen 0,8 øre/kWh.

Kraftverket sin midlare årsproduksjon skal nyttast som avrekningsgrunnlag for produksjon. For kraftverk med installert yting mindre enn 1 MW skal avrekna mengd maksimalt vere 30 % av installert effekt multiplisert med 5000 timar.

Statnett har innført ein særskilt innfasingstariff på 0,1 øre/kWh for ny produksjon med nettmessig gunstig plassering. Produsentar i utvalde nettregionar får tilbod om ein slik innfasingstariff gjennom avtale med Statnett.

Energiledd
Energileddet er avhengig av kunden si innmating av kraft. Ved overføring av kraft vert det utvikla varme i leidningar og transformatorar slik at noko av krafta går tapt.

Energileddet skal reflektere kostnadane ved endra tap av kraft når ein ekstra kWh vert overført (marginalt tap). Tapet aukar ved auka utnytting av nettet og kan bli stort når ein nærmar seg kapasitetsgrensene i nettet. Energileddet skal vere referert til tilknytingspunktet.

Utrekning
Energileddet vert rekna ut individuelt for kvart enkelt innmatingspunkt og vert fastsett på grunnlag av marginale tapskostnader i eit samla nettsystem. Marginale tapskostnader avheng av tapsprosenten i dei enkelte punkta og verdien av nettapet som igjen vert styrt av marknadsprisen på kraft.

For alle utvekslingspunkt med sentralnettet vert det fastsett marginale tapsprosentar. Dei enkelte nettselskapa reknar sjølv ut tapsprosentane i eige nett referert til kvart enkelt innmatingspunkt. Disse vert normalt lagt til tapsprosentane i utvekslingspunktet med sentralnettet.

Ein produsent kan vere gunstig plassert i nettet slik at auka produksjon reduserer nettapet. Då er tapsprosenten og derfor også energileddet negativt og produsenten får betalt for å mate inn kraft. I område med produksjonsoverskot er det høg tapsprosent ved innmating av kraft og negativ tapsprosent ved uttak. I punkt som både har uttak og innmating skal tapsprosentane vere symmetriske om null. I sentralnettet varierer tapsprosentane mellom +15 prosent og ÷15 prosent.

Energileddet skal gje kundane eit prissignal som fortel kor mykje det kostar i endra tap av kraft at ein ekstra kWh vert overført. For å oppnå dette skal estimerte tapsprosentar leggjast til grunn når energileddet vert rekna ut. Desse skal vere tilgjengelege for produsentane slik at dei kan tilpasse produksjonen sin etter dette prissignalet.

Ettersom marginale tap endrar seg skal energileddet differensierast etter minimum vinter dag, vinter natt/helg og sommar. Marginaltapssatsane for utvekslingspunkt med sentralnettet vert rekna ut kvar veke.       

Informasjonskrav
Tariffar og vilkår skal vere samla i eigen brosjyre eller annan skriftleg informasjon som er tilgjengeleg for nettkundane. Med tariffar meinast alle prisar og anna økonomisk godtgjersle som nettselskapa fastset for tilknyting til og bruk av elektriske nettanlegg.

Energileddet er sett saman av marginal tapsprosent og kraftprisen og kan derfor ikkje verte oppgjeven på førehand. Meininga med energileddet er ikkje at det skal vere kjent på førehand, men at produsentane skal tilpasse seg ut i frå den kjente marginaltapssatsen i det enkelte tilknytingspunktet og marknadsprisen på kraft. Nettselskapa pliktar derfor å gjere marginaltapssatsen i dei enkelte tilknytingspunkta tilgjengeleg.

Nettselskapa skal i rimeleg tid før endringar av tariffnivå eller -struktur trer i kraft informere den enkelte nettkunde om tariffendringane. Informasjonen skal innehalde ei grunngjeving for tariffendringane.