Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Leveringsplikt

08.04.2011 | 14:52

Nettselskapa er i energilova § 3-3 pålagt å knyte nye kundar til nettet og å levere elektrisk energi til forbrukskundane

Noreg er delt inn i geografiske område der det i kvart område berre er eit nettselskap som er gjeven konsesjon til å byggje, eige og drive elektriske fordelingsnett med spenning opp til og med 22 kV. Nettselskapa sitt monopol på overføring av straum er motsvara av ei leveringsplikt.

Leveringsplikta inneber ei plikt til å la kundar knyte seg til nettet og ei plikt til å levere elektrisk energi til forbrukarane innanfor det området konsesjonen gjeld for.

Leveringsplikta gjeld fram til tilknytingspunktet som vanlegvis er klemme på husvegg, eller ved innføring gjennom grunnmur. Leveringsplikta gjeld normalt ikkje inne i bygg, med mindre det gjeld framføring av straum til eit avtalt grensesnitt mellom nettselskap og kunde.

Kundar har ikkje rett til vederlagsfri tilgang til nettet gjennom leveringsplikta. Nettselskapa kan i samsvar med gjeldande regelverk krevje eit anleggsbidrag for kostnaden som følgjer av kvar enkelt tilknyting. Meir om anleggsbidrag.

Gjennom leveringsplikta nettselskapa har til forbrukarane er kundane sikra straumleveranse. Det er likevel slik at ein som kunde står fritt til å velje ein annan kraftleverandør for levering av straum. Meir om leveringspliktig straum.

Leveringsplikta inneber at netteigar sjølv må ta kostnader ved reinvestering i anlegg som forsyner etablerte kundar. Når særlege grunnar tilseier det, kan nettselskap søkje NVE om fritak frå leveringsplikta. Unntaksregelen kan berre nyttast når det ikkje er rimeleg å etablere tilknyting til nettet på vanlege vilkår. Meir om fritak frå leveringsplikt.