Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Ein grunnleggjande føresetnad for ein effektiv kraftmarknad er at alle som ynskjer det får tilgang til kraftmarknaden til ikkje-diskriminerande og objektive tariffar og vilkår.
Nettselskapa har etter gjeldande regelverk ei plikt til å tilby alle som ynskjer det tilgang til nettet. Denne plikta til å syte for tilgang til nettet må sjåast i samanheng med dei overordna prinsipp og reglar for utforming av tariffar. Med tariffar er i denne samanheng meint alle prisar og anna økonomisk godtgjersle for tilknyting til og bruk av nettanlegg.