Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Nettleie og tilknytning

03.12.2008 | 11:53

Alle som nyttar elektrisitet er knytt til det norske overføringsnettet. Dette nettet består av liner og komponentar på fleire nivå.

Høyspentmaster, foto:NVE Høyspentmaster, foto:NVE

På eit overordna nivå finn vi Sentralnettet som i hovudsak vert eigd og drive av Statnett . Dette nettet har høg overføringskapasitet og har to viktige føremål:

Det knyter alle forbrukarar til eit landsdekkande overføringsnett frå Nordkapp til Lindesnes.

Det knyter og Noreg til utlandet, slik at vi kan importere kraft når det er mangel på kraft i Noreg, og eksportere kraft når det er overskot på kraft i Noreg.

På nivået under sentralnettet finn vi Regionalnetta. Dette er også nett med høg overføringskapasitet, men som berre dekker ein region. Regionalnettet si oppgåve er å overføre større mengder kraft regionalt, inn og ut frå sentralnettet og ut til dei lokale nettselskapa.

På det lågaste nivået, Fordelingsnetta, vert krafta fordelt ut til dei enkelte hushalda og til offentleg og privat verksemd.

Som forbrukar mottek du rekninga for overføring av elektrisk kraft frå ditt lokale fordelingsnett. Den lokale Netteigar har da også teke med sin del av kostnadene for transport av kraft i sentralnettet og i det regionalnettet han er kopla til.

Sjølv om du kan velje kven du vil kjøpe straum frå, har netteigar godkjent monopol på å overføre straumen til deg. For å vere sikker på at netteigar ikkje tek seg for godt betalt, regulerer NVE netteigarane sine inntekter ned til et akseptabelt nivå.