Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Områdekonsesjon

16.01.2009 | 14:00

Ein områdekonsesjon er eit løyve til å byggje og drive fordelingsnett med spenning opp til 22 kV innanfor eit geografisk avgrensa område.

Illustrasjonsfoto av nettstasjon (Foto: NVE) Illustrasjonsfoto av nettstasjon (Foto: NVE)

Heile landet er delt inn i geografiske område, der eit nettselskap er gjeve løyve til å byggje og drive elektrisk fordelingsnett med spenning opp til og med 22 kV. Til dømes kan det geografiske området vere ein kommune. I nokre byar er områdekonsesjonen utvida til òg å gjelde kabelanlegg med spenning opp til 132 kV. Sjå kart over konsesjonsområda   

Etter områdekonsesjonen kan nettselskap byggje og drive kablar, luftleidningar og andre elektriske anlegg utan å foreleggje kvar enkelt sak for NVE. Det er ein forutsetnad at nettselskapa sjølve legg tiltaket fram for dei interessane som vert råka, slik som kommunar, fylkesmenn og grunneigarar. Det er òg eit vilkår at saka skal fremjast for NVE ved vesentlege innvendingar mot tiltaket.Ordninga med områdekonsesjon gjeld ikkje for tilknyting av kraftverk.

Nettselskap med områdekonsesjon har plikt til å forsyne alle kundane i sitt konsesjonsområde med elektrisk energi. Det kan søkes om fritak frå leveringsplikta. Les meir om fritak frå leveringsplikta

Olje- og energidepartementet vedtok 3. mars 2011 forskrift om krav til kompetanse for konsesjonærar etter energilova (kompetanseforskriften). Forskrifta gjeld alle som har konsesjon for elektriske anlegg og områdekonsesjon for slike anlegg. Forskrifta trer i kraft 1. juli 2011.