Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Andre vassdragstiltak enn vasskraftutbygging vil ofte trenge løyve etter vassressurslova. Dette kan vere tiltak som vassforsyning, akvakulturanlegg, flaum- og erosjonsikring, grusuttak og bygging av vegar og bruer. NVE gir løyve til slike tiltak.
Ei oversikt over saker til handsaming og tidlegare gitte, eller avslåtte søknadar finn du no frå oversikta: Konsesjonssaker
Tiltak utanfor vassdragetVassdragsstyresmakta kan, i forskrift eller i det enkelte tilfelle, fastsetje at tiltak utanfor vassdraget som kan ha påtakelege verknader for eit vassdrag, må ha konsesjon etter vassressurslova § 8. Dette kan dømes vere grøfting, massetippar, arealbruksendring (til dømes omfattande flatehogst, bakkeplanering og vegar). Førebels er det ikkje foreslått noko forskrift om dette, men NVE vil kunne fastsetje slik konsesjonsplikt gjennom enkeltvedtak, jf. vassressurslova § 8 andre ledd. Merk at slike tiltak òg kan fangast opp av lova fordi dei påverkar grunnvatn.
SakshandsamingSakshandsamingsrutinar ved søknad etter § 8 i vassressurslova ligg vedlagt.