Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Fakta om skred

13.08.2009 | 09:30

Skred er ofte knytt til område med steile fjell og bratte dalsider der det kan gå jord- fjell- og snøskred. Mange av dei store skredulykkene har likevel skjedd i relativt flate leirområde i Trøndelag og på Austlandet, der det har gått omfattande  kvikkleireskred. Skred kan og føre til flodbølgjer når skredmassane treff ein innsjø eller ein fjord.

Skred har gjennom tidene ført til fleire katastrofehendingar som snøskred i Vassdalen og i Odda, fjellskred og flodbølgjer i Loen og Tafjord og kvikkleireskred i Rissa og Verdal. I løpet av dei siste 150 åra har omlag 2000 menneske mista livet i skredulykker i Noreg. Statistisk kan vi vente 2 - 3 store fjellskredulykker, 2 - 3 store leirskredulykker og 3 - 4 store snøskredulykker i løpet av dei neste 100 åra.

I det skredførebyggjande arbeidet blir skred klassifisert som:

  • snøskred
  • fjellskred
  • lausmasseskred 

 

Faktiske skredhendingar er ofte ein kombinasjon av desse typane.

Sidene er under utvikling.


Relatert informasjon

Les mer om skred