Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

NVEs arbeid med skred

26.08.2010 | 11:30

NVE har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver innan førebygging av skredulykker. Målet med det statlege engasjementet er å skape tryggare lokalsamfunn og auka samfunnssikkerheit ved å redusere risikoen ved skredulykker.

Illustrasjonsfoto. Foto: NGI

Foto: NGI

Bakgrunn
Konsekvensar av framtidige klimaendringar og risiko knytta til ustabile fjellparti
har auka merksemda rundt samfunnssikkerheit knytta til skred. Regjeringa foreslo i St. meld. nr. 22 (2007-2008) om samfunnssikkerheit at statlege forvaltingsoppgåver innan skredførebygging skal takast hand om av NVE. Forslaget er grunngjeve med behov for meir heilskapleg, effektiv og styrka innsats. Ei samling av staten sin innsats vil og gjere det enklare for kommunane å søkje hjelp til skredførebygging.

NVE vil redusere risikoen knytta til skred gjennom følgjande tiltak:

Kartleggje og informere om fareområde
NVE skal vidareføre det statlege programmet for skredkartlegging, som i hovudsak er ei oversiktskartlegging. Noregs geologiske undersøking (NGU) vil ha ei sentral rolle i gjennomføring av kartleggingsarbeidet og NVE vil i samarbeid med NGU utarbeide ein nasjonal kartleggingsplan.

NVE kan yte hjelp til kommunar med fare- og risikokartlegging og detaljerte undersøkingar i utvalde område med høg risiko. NVE vil bidra til å utarbeide kartleggingsmetodikk som kommunar og tiltakshavarar sjølve kan nytte for å gjennomføre detaljkartlegging av område som ikkje vert kartlagt i statleg regi. Informasjon om skredfare og risiko er ein viktig del av det førebyggjande arbeidet. NVE vil leggje vekt på god kommunikasjon med skredutsette kommunar og arbeide aktivt for å auke medvitet til innbyggjarane i utsette område.

Rettleie og følgje opp arealplanlegging
NVE skal bidra til at omsynet til skredfare blir tilstrekkeleg vurdert i kommunalt planarbeid. Dette inneber å utvikle retningslinjer for korleis ein skal ta omsyn til skredfare i regional og lokal planlegging og gje råd og uttale til kommunane i planprosessen.  NVE skal leggje vekt på å gje innspel tidleg i planfasen for å sikre at skredfare blir utgreia i tilstrekkeleg grad.

Planleggje og gjennomføre sikringstiltak mot skred
NVE skal forvalte staten sine midlar til sikringstiltak av eksisterande busetnad, og prioritere mellom tiltak og område for sikring. NVE kan gje tilskott til eller bidra med planlegging og gjennomføring av tiltak.
Kommunar og utbyggjarar har ansvar for nødvendig sikring av ny busetnad.  Statlege eigarar av infrastruktur har sjølve ansvar for å sikre både eksisterande og nye anlegg.

Overvake og varsle skredfare
Vinteren 2013 ble det lansert ei operativ snøskredvarslingstjeneste for flere områder. I løpet av 2013 forventes det å starte opp med varsling av lausmasseskred. Varsla er på regionalt nivå, tilsvarande NVE sine flaumvarsel. Overvaking på lokalt nivå vil fortsatt vere lokale myndigheiter sitt ansvar. For utvalde område med fare for store fjellskred og høg risiko kan likevel NVE kunne bidra med kompetanse og ressursar.

Gje skredfagleg hjelp i beredskaps-og krisesituasjonar
NVE kan yte hjelp til lokalt og regionalt beredskapsansvarlege med skredfagleg kompetanse i beredskapsplanlegging, delta i beredskapsøvingar og gje råd under kriser.