Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Kartleggingen inneheld detaljar kring flaumsonekartlegging for Fossøy og Myklemyr. Det er laga flaumsonekart for 10-, 100- og 500-årsflaumane. I tillegg er det gjeve vasshøgder ved 20- 50- og 200-årsflaumane.
Jostedalen har vore ramma av fleire flaumhendingar. 15. august 1898 var flaum årsak til stor skade for folk som budde ved elva. Flaumen gjorde skade på dyrka mark og reiv med seg fire bruer.
81 år seinare, 15. august 1979, kulminerte vasstanden 1,35 m høgare ved det gamle flaummerket innslått i fjellet ved Fossøy. Jostedøla kulminerte denne gongen ved ein 200-årsflaum etter dei nye utrekningane. Forutan i hovudelva, gjekk det òg store vassmassar i sideelvar som til dømes Sagarøyelva som tok nytt løp gjennom bankbygget (sjå bilete neste side). Fastbuande vart evakuert, og i etterkant kan ein lese i avisa (ref. /1/): ”Olav J. Myklemyr står i ein stige, hodet hans når opp til vinduet i andre etasje i det nye huset, cirka tre og en halv meter over bakken. –Flomnatten ville jeg druknet i denne stillingen her, vannet hadde akkurat stått over hodet mitt, elven rant inn i 2. etasje […].” Seinare kan ein lese: ”Folk byggjer første etasje i andre høgda. […] Olav J. Myklebust har vald grunnmurhøgde på nærmare 2,5 m.” Under 1979-flaumen vart om lag 100 bustader og dyrka mark skadd, og om lag ti bruer øydelagd.
Etter denne storflaumen vart det sett i gang eit omfattande arbeid for å hindre liknande hendingar i framtida. Ein finn langsgåande flaumverk både på Fossøy og Myklemyr, og både Fossagjelet og Haukåsgjelet vart senka og utvida.