Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Delprosjekt Sogndal 4-2003

05.03.2009 | 12:56

Det er utarbeidd flaumsonekart for Sogndalselvi ved Sogndal sentrum for 10-, 100-, 200- og 500-årsflaum. Kartlagt område på om lag 1,5 km strekk seg frå Ingafoss bru oppstraums Sognahallen til munningsområdet i Sogndalsfjorden.

Grunnlaget for flaumsonekarta er flaumutrekningar, vasslineutrekningar og utrekning av ekstremvasstander i sjø (stormflo). Vedlagt rapporten er kart for 100-årsflaumen. På dette kartet finn du i tillegg til flaumsona lågpunktsområde og område kor det er fare for overfløyming i kjellarar.

Dei største flaumane som er registrert ved målestasjonen ved utløpet av Dalavatnet i Sogndalsvassdraget i perioden 1963 – 2001, fann stad 26. juni 1989, 1. oktober 1985 og 7. september 1966. Førstnemnde var størst med ei døgnmiddelvassføring på 133 m3/s. 04.10.2001 vart det òg registrert flaum i Sogndalselvi, denne kulminerte på 118 m3/s.