Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Delprosjekt Sande 3-2004

05.03.2009 | 12:34

Det er utarbeidd flaumsonekart for Gaula ved Sande sentrum for 10-, 100-, 200- og 500-årsflaum. Kartlagt område på om lag 3,0 km strekk seg frå Selstad bru til Sandefossen. I tillegg til flaumsonekarta er det utarbeidd vasshøgder for flaumar med gjentaksintervall 20 og 50 år.

Grunnlaget for flaumsonekarta er flaumutrekning og vasslineutrekning. På flaumsomekartet for 100-årsflaumen finn du, i tillegg til flaumsona, lågpunktsområde, flaumutsette bygningar og område kor det er fare for at hus med kjellar vert overfløymd.

Dei tre største observerte årsflaumane som er registrert ved utløpet av Hestadfjorden/Viksdalsvatn fann stad 28.oktober 1995, 29.september 1917 og 28.oktober 1983. Døgnmiddelvassføring var på høvesvis 258 m3/s, 254 m3/s og 253 m3/s. Desse flaumane er estimert til høvesvis ein 50-årsflaum og to tilnærma 40-årsflaumar.