Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Det er utarbeidd flaumsonekart for Horndøla og Hornindalsvatnet ved tettstaden Grodås for 10-, 20-, 50-, 100-, 200- og 500-årsflaum. Kartlagt område på om lag 2 km strekk seg frå Lødøen nedover til munningsområdet i Hornindalsvatnet.
Grunnlaget for flaumsonekarta er flaum- og vasslineutrekning. I tillegg til overfløymd areal er lengdeprofil for vasstanden i elva vist på karta. Flaumsoneanalysen er utført med GIS. På flaumsonekartet er det presentert ein flaum per kart. Område markert som lågpunkt (område bak flaumverk, kulvertar osb.) er avleidd frå ein bestemt flaum, men gjentaksintervall kan ikkje overførast direkte til desse områda. Lågpunkt er vist på karta med eigen skravur.
Prosjektet viser at det er vasstanden i Hornindalsvatnet som vil vere avgjerande for ei eventuell overfløyming av Grodås sentrum og Ytrehorn industriområde.