Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Delprosjekter Førde og Angedalen 4-2000

05.03.2009 | 12:32

Det er utarbeidd flaumsonekart for Jølstra og Anga gjennom Førde sentrum, for 10, 20, 50, 100, 200 og 500-årsflaum. Området strekkjer seg frå utløpet av Jølstra i fjorden til Prestfossen i Anga og Bruland i Jølstra. Langs Jølstra er dette ei strekning på ca 6 km. Grunnlaget for flaumsonekarta er flaumutrekning og vasslinjeutrekning.

Resultatet (flaumsonekartet) viser per definisjon overfløymd areal ved ein eller fleire flaumar med gjevne gjentaksintervall. I tillegg til overfløymd areal er lengdeprofil for vasstanden i elva også vist. Flaumsoneanalysen er utført med GIS. På flaumsonekartet er det presentert ein flaum per kart. Områder som er markert som lågpunkt (område bak flaumverk, kulvertar m.m.) er avleidd frå ein bestemt flaum, men gjentaksintervall skal og kan ikkje overførast direkte. Desse områda er vist på kartet med skravur.

Det er i tillegg laga to ekstremkart som viser overfløymd areal ved høgste målte springflo (+1.80 m.o.h.) og høvesvis 10-og 500-årsflaum i vassdraget. Verknadene av høg vasstand i sjøen ser ein heilt opp til Hafstad.