Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Faresonekart for flaum (flaumsonekart)

11.07.2011 | 10:30

Flaumsonekart viser kva område som blir oversvømt i ein flaumsituasjon, og med kva gjentaksintervall. Utvalde vassdragstrekningar med stort skadepotensiale blir kartlagd.

Karta gir kommunane eit betre grunnlag for arealplanlegging og beredskap. I tillegg til kart har NVE utarbeidd retningslinjer som omtalar korleis flaumfare skal utgreiast, takast omsyn til og innarbeidast i kommunale arealplanar. Kva sikkerheit ulike typar bygningar skal ha mot flaum går fram av byggteknisk forskrift . Dei fleste bygg skal vere sikre mot ein 200-års flaum.

Karta blir produserte på digital form, slik at brukarane kan nytte dataene i eigne verktøy.

Metadata:
http://arcus.nve.no/website/geoc3/tema/nve_flomsoner_10_2100.html

WMS:
http://arcus.nve.no/wmsconnector/com.esri.wms.Esrimap/wms_flomsoner?

Nedlasting:
http://arcus.nve.no/nvedatanedlast/

NVE Atlas:
http://atlas.nve.no/

Om karta
Eit flaumsonekart viser oversvømt areal (flomsone). I tillegg er flaumvass-stand i sjø (stormflo) og innsjø lagt inn i analysen.

Det ferdige produktet består av ein rapport og eit kart.

Alle flaumsonene er på digital form, slik at brukarane kan nytte dei i eigne GIS-verktøy og lage presentasjonar saman med andre data.

På NVEs standardkart for 200-årsflaum blir følgjande tema presentert (med farge):

• Flaumutsette område (blå)

• Lavpunktsområde (blå skravur på blå botn)

• Område med fare for vatn i kjellar (blå skravur på kvit bakgrunn)

• Flaumutsette vegar (grøn)

• Flaumutsette bygg (oransje)

• Bygg med fare for vatn i kjellar (gul)

Ein tabell viser vass-stand for utrekna flaumstorleikar (gjentaksintervall) for kvart tverrprofil. Anbefalte byggehøgder finn ein ved å ta utrekna vass-stan¬d for 200-årsflom og legge til anbefalt sikkerheits-margin.

For prosjekter fra 2007 er det også utarbeidd vassdjupnekart som viser vassdjup for ein 200-årsflaum. Slike kart gir mellom anna informasjon om kor stor oppfylling som er nødvendig dersom flaumutsette område skal nyttast til byggeformål. Vassdjup er også viktig informasjon ved evakuering.

For dei prosjekta der det ikkje er utarbeida vassdjupnekart vil dette skje ved ajourføring av prosjektet eller dersom kommunen tidlegare har behov for eit slikt kart. Kommunen må da kontakte NVE for å få vassdjupnekartet utarbeida.

For å ta omsyn til usikkerheit i datagrunnlag og utrekninga er det lagt til ein sikkerhetsmargin på utrekna vasstand. Utrekningane er baserte på historiske data, men for nye og oppdaterte prosjekt frå 2011 vil vi også legge til grunn estimerte forventa klimaendringar.

 

Bruksområde Ved arealplanlegging kan flaumsoner nyttast til å identifisere område som ikkje bør byggjast ut og for å vurdere aktuelle risikoreduserende tiltak dersom ein ikkje kan unngå utbygging.

 

Ved detaljplanlegging og ved dele- og byggesakshandsaming må ein ta omsyn til at flaumsonene har avgrensa nøyaktigheit. I slike saker må ein kontrollere utrekna vasstand mot terrenghøgde.

Flaumsonekarta vil også gjere kommunane betre i stand til å etablere ein god beredskap ved flaum. I tillegg er karta eit viktig verktøy for planlegging og prioritering av sikringstiltak .