Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Det er identifisert meir enn 200 ustabile fjellsider i Norge, gjennom det statlege kartleggingsprogrammet for store fjellskred. Dei fleste av dei ustabile fjellsidene er i Troms, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Telemark fylke.
Det pågår detaljert kartlegging av ustabile fjellsider i Troms, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.
Føremålet med kartlegginga er å avklare behovet for å ta særleg omsyn til skredfaren frå store ustabile fjellparti ved arealplanlegging i tillegg til å vurdere behovet for risikoreduserande tiltak.
Fire områder er identifisert som høgrisikoobjekt og har behov for døgnkontinuerleg overvaking/varsling med tilhøyrande beredskap. Desse områda er Åkneset og Hegguraksla på Sunnmøre, som er ferdig utbygd, i tillegg til Mannen i Romsdalen og Nordnesfjellet i Troms, som begge er under utbygging.
KartleggingNVE har ansvar for å gjennomføre kartlegging av store fjellskred, der fare- og risikoklassifisering inngår som del av arbeidet. For objekt med høg risiko blir det gjennomført ytterlegare geologiske undersøkingar for å kunne vurdere behovet for risikoreduserande tiltak, ofte vil dette i form av overvaking og varsling. For objekt med medium risiko blir det gjennomført periodiske målingar av rørsle i fjellet, for å følgje med på korleis fjellet utviklar seg, og om risikoen eventuelt endrar seg. For objekt med låg risiko blir det ikkje gjennomført ytterlegare undersøkingar.
For tre av dei fire høgrisikoobjekta er det fare for tsunami, då den ustabile fjellsida vil gå i fjorden. Det blir difor kartlagd oppskyllingsområder, basert på volumet av den ustabile fjellsida. Slike område er å oppfatte som ei faresone for fjellskredet.
Arealbruk /-planleggingSkredfare frå fjellskred må tas omsyn til i arealplanlegging, på linje med andre typar skred.
Men for fjellskred, som kan medføre flodbølger, finst det unntak i lovverket som gjer det mogleg å bygge ut til tross for skredfaren (TEK §7-4). Eitt av vilkåra som må oppfyllast for å få eit slikt unntak er at ”personsikkerheten er ivaretatt ved et forsvarlig beredskapssystem som er basert på sanntids overvåking, varsling og evakuering, og det er foretatt en særskilt vurdering av om det skal være restriksjoner for oppføring av byggverk som er vanskelige å evakuere. Varslingstiden skal ikke være kortere enn 72 timer og evakueringstiden skal være på maksimum 12 timer”.