For heile landet finst det nye aktsemdkart for steinsprang utarbeida av NGU som er modellbaserte. For delar av landet finst det eldre stein- og snøskredkart frå NGI, som i tillegg til å vere modellbaserte, er baserte på synfaring langs vegstrekningar i område med busetnad, der lokale terrengforhold, skogdekke og andre forhold er vurderte.
For område som er dekt av NGIs kart kan desse nyttast i staden for dei nye landsdekkande karta for å avgrense aktsemdområde for steinsprang.
Du finn både aksemdskart for steinsprang og aktsemdkart for snø- og steinskred på www.skrednett.no sitt kartverkty. Dei er og tilgjengelige for nedlasting på www.norgedigitalt.no og på NGU sine sider.
Om karta
Dei nye landsdekkande karta viser område der ein må utvise aktsemd for steinsprang. Dei viser potensielle utløysings- og utløpsområde for steinsprang, og seier ikkje noko om sannsynet for steinsprang.
Karta er utarbeidd ved bruk av ein datamodell som ut frå helning på fjellsida gjenkjenner terrenget der utløysning av snøskred er mogleg. Frå kvart utløysningsområde er utløpsområdet automatisk utrekna.
Det er ikkje gjort feltarbeid ved utarbeiding av karta, og effekten av lokale faktorar som f. eks. skog, utførte sikringstiltak o.l. er difor ikkje vurdert.
Den landsdekkende terrengmodell frå Statens kartverk som er nytta har ei oppløysing på 25x25 meter, der datagrunnlaget hovudsakleg er basert på 20 meters kotar. Dette tilsvarar det ein finn på eit vanlig topografisk kart med målestokk 1:50000.
På grunn av oppløysinga i terrengmodellen, viser aktsemdkarta ikkje utløysingsområde med mindre høgdeskilnad enn 20 meter. I enkelte tilfelle kan også skråningar med høgdeskilnad på mellom 20 til 50 meter falle utanfor.
Dei eldre stein- og snøskredkarta frå NGI er basert på tilsvarande modell som dei nye landsdekkande karta. I tillegg er det gjennomført synfaring av skredfagleg ekspertar som har vurdert lokale terrengforhold, skogdekke og andre lokale forhold som kan påverke utløpsområdet.
Bruksområde
Karta er først og fremst meint som eit grunnlag for vurdering av skredfare og fastsetting av omsynssoner med potensiell skredfare på kommuneplannivå.
Der det fins meir detaljerte faresonekart, med opplysningar om sannsynet for skred, bør desse erstatte aktsemdkarta ved avgrensning av omsynssoner.
Eit alternativt grunnlag for å vurdere skredfare er å nytte juridisk tilknytta temakart, der ein knyter bestemmelsar til omsynssonene. Dersom ein kommune har informasjon om tidlegere skredhendingar utanfor aktsomhetsområda bør også desse områda merkast som omsynssone.
I forbindelse med reguleringsplanar og byggjesøknader må meir detaljerte faresonekart utarbeidast, bl.a. for å få grunnlag for å vurdere sannsynet for snøskred i forhold til sikkerheitskrava i byggteknisk forskrift. Aktsemdkarta kan difor ikkje nyttast direkte til dette formålet.
For område som er dekt av NGIs kart kan desse nyttast i staden for dei nye landsdekkande karta for å avgrense aktsemdområde for steinsprang.