Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Farekart og databaser

22.01.2009 | 10:39

Gjennom kartlegging og informasjon av skred- og flaumfare vil kunnskapen om fareområde bli betre og meir tilgjengeleg. Dette vil betre gunnlaget for å ta omsyn til skred- og flaumfare ved arealplanlegging, utbygging, prioritering av sikringstiltak og beredskapsarbeid. Kartlegging vil skje på tre nivå; aktsemdhetskart, faresonekart og risikokart.

Aktsemdkart: viser område der det må synast aktsemd i forhold til skred- og flaumfare. Dette er normalt oversiktskart i relativt liten målestokk. Karta vil vere grunnlag for å avgjere i kva område det bør gjennomførast meir detaljert kartlegging av faresoner. Karta vil vere landsdekkande.

Faresonekart: viser skredfarlege område der faregraden er gitt ved sannsynlegheit (1/1000 år, 1/333 år 1/100 år, eller ved høg, middels og låg fareklasse). For flaumfare nyttas sannsynlighet frå 1/10 år til
1/500 år. Karta kan brukast direkte for å avgjere byggjesaker og ved arealplanlegging. Karta blir produserte for utvalde område.

Risikokart: viser risiko i skred- og flaumfarlege område, der risiko er estimert ut frå sannsynlegheit og konsekvens. Karta kan brukast ved arealplanlegging, men er særleg viktig for prioritering av sikringstiltak (fysisk sikring og overvaking). Karta blir produserte for utvalde område.

 

For skredkartlegging skal NVE

  • Utarbeide ein nasjonal kartleggingsplan. 
  • Gjennomføre ei nasjonal oversiktskartlegging av fareområde, der NGU vil ha ei sentral rolle i arbeidet.
  • Yte hjelp til kommunar med fare- og risikokartlegging og detaljerte undersøkingar i utvalde område med høg risiko. NVE vil bidra til å utarbeide kartleggingsmetodikk som kommunar og tiltakshavarar sjølve kan nytte for å gjennomføre detaljkartlegging av område som ikkje vert kartlagt i statleg regi.
  • Leggje vekt på god kommunikasjon med skredutsette kommunar og fylke og arbeide aktivt for å auke medvitet til innbyggjarane i utsette område.

 

For flaumkartlegging skal NVE

  • Vidareføre detaljkartlegging av flaumsoner etter prioriteringsliste over utsette område med stort skadepotensial.
  • Utarbeide aktsemdkart for flaumfare med kartlegging av potensielt utsette område langs vassdrag, innsjøar og kystområde.
  • Gjennomføre kartlegging etter krav i flomdirektivet. Del 1 førebles flaumrisikokartlegging og del 2; Risikokartlegging. Sjå meir informasjon under Flomdirektivet
  • Utarbeide aktsemdkart for flaumskred.
  • Ha operativt ansvar for flaumhendingsdatabase og flaumportal.

Relatert informasjon

Oversikt over kartlagde områder
Link til kartportalar