Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
NVE ga i april 2011 ut nye retningslinjer for "flaum- og skredfare i arealplanar" (Retningslinjer nr 2-2011) med rettleiarar. For ein kort introduksjon til retningslinjene sjå nedanfor. For nedlasting sjå "relaterte lenker".
Arealplanlegging som tar omsyn til fare for flaum og skred er det viktigaste verkemiddelet for å førebygge skader frå desse naturfarane. Retningslinjene seier korleis flaum- og skredfare bør greiast ut, takast omsyn til og innarbeidast i kommunale arealplanar. Retningslinjene byggjer på føresegnene i plan- og bygningslova og krava til tryggleik mot flaum og skred som er gitt i byggteknisk forskrift (TEK10).
Målgruppa for retningslinjene er kommunale og private arealplanleggjarar samt sakshandsamarar på kommunalt, regionalt og statleg nivå som arbeider med arealplanar og byggjesaker. Retningslinjene kan også nyttast ved handsaming av dispensasjons- og byggjesaker.
Retningslinjene erstattar NVE sine retningslinjer nr. 1/2008 ”Planlegging og utbygging i fareområder langs vassdrag”. Som en følgje av at NVE i 2009 fekk det statlege ansvaret for skredførebygging, er retningslinjene utvida til å gjelde alle typar flaum- og skredprosessar. Retningslinjene er ved denne revisjonen også tilpassa ny plan- og bygningslov og ny byggteknisk forskrift (TEK10).
To rettleiarar er vedlagde retningslinjene:
- Vedlegg 1, rettleiaren ”Vurdering av områdestabilitet ved utbygging på kvikkleire og andre jordarter med sprøbruddegenskaper” (Vedlegg1) er den same som var tilknytt dei tidlegare retningslinjene nr. 1/2008,
- Vedlegg 2, ”Kartlegging og vurdering av skredfare i arealplaner” (Vedlegg 2) er ein ny rettleiar for kartlegging av skredfare i bratt terreng (snø-, jord- og steinskred).
Målgruppa for desse rettleiarane er særleg fagkyndige som tar på seg å utgreie skredfare i samband med arealplanar og byggjesaker.