Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Flom og skred

18.11.2008 | 18:37

Flaum, erosjon og skred er naturlege geologiske prosessar som er med på å forme landskapet og gi det liv. Desse prosessane kan på den anna sida vere farlege når dei rammer område der folk bur og ferdast.

Målet med det statlege engasjementet knytt til førebygging av skader og tap frå flaum og skred er å skape tryggare lokalsamfunn og auka samfunnssikkerheit. NVE har alt i lang tid hatt ansvaret for dei statlege oppgåvene med førebygging av flaumskadar. Frå 1.januar 2009 har NVE dette ansvaret også for førebygging av skredulykker.

Arbeidet inneber å yte hjelp med kompetanse og ressursar til kartlegging, arealplanoppfølging, sikring, overvaking, varsling og beredskap. Det statlege ansvaret endrar ikkje på kommunane sitt ansvar for å ta omsyn til sikkerheit mot skred i arealplanlegging og handsaming av byggjesaker, eller tiltakshavarar sitt ansvar for sikker utbygging.

Riktig arealutnytting viktig
Arealutnytting som tek omsyn til faren for skader frå skred og flaum er det viktigaste virkemidlet for å førebygge skader. Fysiske sikringstiltak, og beredskap i tilfelle store flaumar og farlige situasjonar, kan førebygge mot skade på eksisterande busetnad og tap av menneskeliv. Dette krev kjennskap til fareområde. NVE gir hjelp og vegleiar kommunane om dette gjennom kartlegging av skred- og flaumfarlege område og behandling av arealplanar. For eksisterande busetnad og infrastruktur kan NVE gje bistand til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak.

NVE si flaumvarslingsteneste gjev informasjon til kommunar og andre om flaumsituasjonar. NVE sine regionkontor kan hjelpe det lokale og regionale beredskapsapparatet i ein slik situasjon.

 


Relatert informasjon

Se siste melding fra NVE (flomvarsel)
Se siste vannføringsprognoser