Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Avbrotsstatistikken for 2010 er utarbeidd på grunnlag av innrapporterte data frå 134 nettselskap, ca. 129 500 rapporteringspunkt og ca. 2,77 millionar sluttbrukarar.
Sluttbrukarane hadde i snitt 1,6 langvarige avbrot (over tre minutt). Dei langvarige avbrota hadde ei gjennomsnittleg gjenopprettingstid på ein time og seks minutt.
Vidare var det gjennomsnittleg 1,5 kortvarige avbrot per sluttbrukar. Dei kortvarige avbrota hadde ei gjennomsnittleg gjenopprettingstid på 42 sekund.
Samla levert energi (LE) til sluttbrukarane var 111,3 TWh. Det inkluderer forbruk som kan koplast ut, men ikkje overføringstap i nettet.
Mengda ikkje-levert energi (ILE), det vil seie den mengda energi som hadde vore levert til sluttbrukarane dersom avbrotet ikkje hadde inntreffe, utgjorde 0,10 ‰ av den totale mengda levert energi (MWh/GWh). Det er den lågaste verdien nokosinne! Sjå òg figuren under:
I høgre kolonne finn du fleire nøkkeltall for avbrotsstatistikken for 2010. Annan informasjon om kva slags nøkkeltall som er rapporterte, generell informasjon og historikk, finn du i kapittel 1 og 2 i statistikken for 2009 (NVE rapport 13/2009), sjå òg lenke på føregåande internettside.