Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir kvart år ut oppdatert statistikk for avbrotsdata i det norske kraftsystemet. Statistikken er basert på årleg, fylkesfordelt innrapportering av data frå 134 nettselskap.
Statistikken viser avbrot som følgje av hendingar (driftsforstyrringar og planlagde utkoplingar) i høgspenningsnettet. Tidlegare er det utgitt avbrotsstatistikkar for kvart år frå 1995 til 2009.
Statistikken har ulike interessegrupper:
Meir detaljert avbrotsstatistikk for enkelte tilknytingspunkt kan sluttbrukarane be om å få direkte frå det nettselskapet dei er tilknytte, jf. § 4-2 i forskrift om leveringskvalitet
Avbrotsstatistikk for 2010 og dei andre føregåande år finn du i høgre kolonne.
NVE sin avbrotstatistikk er sluttbrukarorientert. I tillegg publiserer Statnett årleg ein feilstatistikk som er systemorientert, sjå www.statnett.no. (Kraftsystemet -> Systemansvaret ->Feilstatistikk).