Du kan sende til flere av gangen. Skill adressene med komma.
En lenke til artikkelen blir lagt til i eposten.
Elektrisitet vert produsert, transportert og brukt samstundes. Alle som er knytt til det norske kraftsystemet påverkar i større eller mindre grad kvaliteten på den elektrisiteten som vert levert frå kraftsystemet. Leveringskvalitet er eit samleomgrep som femnar om påliteleg levering, spenningskvalitet, og ikkje-tekniske element som kundeservice og informasjon.
1. januar 2005 kom det ei ny forskrift om leveringskvalitet i kraftsystemet. Her finn du forskrifta (Lovdata)
Forskrifta skal medverke til at kvaliteten på den elektrisiteten som forbrukarane og næringsverksemd får levert frå nettselskapa er tilfredsstillande. Forskrifta gjeld for alle som heilt eller delvis eig, driv eller bruker elektriske anlegg eller elektrisk utstyr i det norske kraftsystemet.
Forskrifta presiserer mellom anna nettselskapa si plikt til å gjenopprette elektrisitetsforsyninga til nettkundane så snart som råd etter eit avbrot, og det vert gjeve konkrete grenseverdiar for spenningskvaliteten i kraftsystemet.
Forskrifta greier ut ansvarstilhøvet mellom nettselskap og nettkundar ved avbrot og i høve til spenningskvalitet, i tillegg til informasjonsplikta til dei ulike aktørane. Hovudregelen er at den, eller dei, som er årsak til redusert leveringskvalitet også skal utbetre dette. Nettselskapa har og ansvar for å overvake kvaliteten innanfor eige forsyningsområde. Det vert og stilt krav til korleis nettselskapa skal handle når kundar rettar førespurnader om leveringskvalitet.
FASIT
Kvaliteten på elektrisiteten er svært viktig for at elektrisk utstyr og apparat skal fungere godt. Redusert leveringskvalitet kan mellom anna føre til feilfunksjon, havari og økonomisk tap for alle som er knytt til kraftsystemet.
Ein viktig del av leveringskvaliteten er påliteleg levering. For å kunne måle dette er det utvikla eit nasjonalt registreringssystem kalla FASIT. Dette for å samle data om feil og avbrot i alle punkt i nettet med levering til kundane.
Her finn du informasjon om FASIT (www.fasit.no)
Avbrotstatistikk
På grunnlag av desse registreringane er nettselskapa sidan 1995 pålagt å rekne ut nøkkeltal for talet på avbrot, lengda på avbrot og ikkje levert energi. Nøkkeltala vert årleg rapportert til NVE. NVE gjev kvart år ut ein avbrottstatistikk for det norske kraftsystemet.
Statistikkane finn du her.
KILE
I tillegg til forskrift om leveringskvalitet har NVE sidan 1. januar 2001 hatt ein økonomisk insentivregulering av leveringspålitelegheit i kraftsystemet gjennom ordninga med kvalitetsjusterte inntektsrammer ved ikkje levert energi (KILE).
Meir om KILE finn du her.