Reduser skriftstørrelsen Øk skriftstørrelsen

Kostnadar

NVE gjev ut rapportar med overslag for kostnadar ved ulike former for energiproduksjon. Desse er basert på faktiske kostnadar henta inn frå marknaden, og kan nyttast ved grove overslag i tidlege prosjektfasar eller ved analysar. Denne informasjonen er samla i to rapportar, som jamleg vert oppdaterte.

Kostnadar for kraft og varme

Denne rapporten gjev eit breidt oversyn over utbyggings- og driftskostnadar ved ulike former for fornybar og ikkje-fornybar produksjon av kraft og varme. Rapporten gjev også utslepp frå kraft- og varmeproduksjon og prisar for energiberarar.

Her finn ein også investeringskostnadar for kraftliner og kabelanlegg og alternative distribusjonssystem som fjernvarme og naturgass.

Rapporten vart sist oppdatert i 2011, og neste versjon kan ventast i 2014.

Rapport for nedlasting:

Kostnader ved produksjon av kraft og varme (pdf)

Kostnadsgrunnlag for vasskraftverk

Desse rapportane gjev investeringskostnadar for alle element i eit vasskraftverk, som turbinar, generatorar, røyr og tunnelar, dammar osb. Ein rapport tek føre seg kostnadane for små kraftverk, altså mindre enn 10 MW; medan ein tek føre seg dei større.

Det vert årleg henta inn informasjon om prisutviklinga i marknaden, slik at det er muleg å justere kostnadsnivået mellom kvar hovudoppdatering.

Rapportane vart sist oppdaterte med kostnadsnivå 1.1.2010, og neste oppdatering kan ventast i 2015.

Rapportar for nedlasting:

Kostnadsgrunnlag for små vannkraftanlegg (pdf)

Kostnadsgrunnlag for vannkraftanlegg (pdf)

Engelske versjonar:

Cost base for small-scale hydropower plants (pdf)

Cost base for hydropower plants (pdf)

Årleg vert det utarbeidd indeksar for kostnadsutviklinga for vasskraftprosjekt. Det vert laga indeksar for desse fagområda: maskin, elektro, bygg generelt, tunnelar og dammar (fyllingsdammar). Indeksane kan lastast ned til høgre, under "Relatert informasjon".